Facebook| Twitter Skriv ut

Løyve til utslepp i samband med byggjing av fiskesperre i Driva

Miljødirektoratet fekk 8.1.2016 utsleppsløyve frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal i samband med at dei skal byggje fiskesperre i Driva.

Støpearbeida i Snøvassmælan skal gjerast i periodane 1.2.16 og 1.5.16, og mellom 1.11.16 og 1.3.17. Det er gjeve løyve til utslepp av vatn med pH opp til 10. Det er stilt vilkår om fangdam og målingar/justering av pH for å førebyggje skadar som følgje av utsleppet.

Kopi av løyvet og søknadsdokumenta finn du til høgre på denne sida og ytterlegare innsyn i saksdokumenta kan ein få hos Fylkesmannen eller Miljødirektoratet.

Vedtaket om å gje løyve kan påklagast til Klima- og miljødepartementet innan 31.1.16. Ei eventuell klage skal sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

 

Tiltaksområdet ved Snøvassmælan sett frå aust. Foto: Sweco

Publisert 08.01.2016 Sist endra 08.01.2016


Kontakt

Mattis Mikkelsen Overingeniør
Tlf. 71 25 84 21
Mob. 909 73 253